Januar 2013 starta me arbeidet med eit program i.h.t. sosial kompetanse som har namnet «Være sammen». Det er utarbeida av Eyvind Skeie, Pål Roland, Torhild Roland Vetvik og fleire andre frå Senter for Atferdsforskning ved UIS og har si forankring i Barnehagelova §1 og 3 og regjeringa sitt Mobbemanifest 2011-2014.

Programmet består av to deler:

Del 1: rettar seg mot personalet i barnehagen for å auke deira kompetanse.

Del 2: rettar seg mot barna og dei vaksne i samspel.

Dersom de vil veta meir om innhaldet i sjølve programmet, kan de gå inn på heimesida til «Være sammen»:  http://vaeresammen.no/

 

Tida frå januar til oktober har me brukt til gjennomgang av ein del teori i personalgruppa og to av oss har vore på kurs 4 dagar for å bli veiledarar. Etter nyttår skal 4 av ped.leiarane få same skuleringa.

Me har no så smått begynt arbeidet retta mot barna. Dei har fått helst på «Regnbueløva» og øver seg på «Løveloven»

Her er lenke til sangane me syng:

Være sammen:

https://dl.dropboxusercontent.com/u/17543333/Nye%20VS%20sanger/V%C3%A6re%20sammen.mp3

Kan du løveloven:

https://dl.dropboxusercontent.com/u/17543333/Nye%20VS%20sanger/kan%20du%20l%C3%B8veloven.mp3

 

           Regnbueløva               Regnbueløva

                 ONSDAG 19. FEBRUAR   2014        

                 vart Tryggheim barnehage formeldt ein

                           LØVEBARNEHAGE

 

                    

og me er stolte over å vere den fyrste i Hå kommune

                                                  som kan smykke seg med denne tittelen.

I førekant av denne markeringa har me hatt samlingar med barna kor me har sett ord på kva «Løveloven»  betyr i kvardagslivet. Regnbueløva er blitt godt motteken på alle avdelingane og barna forstår veldig godt at ho ikkje er eit leiketøy. Me opplever at barna tek med seg verdiane Regnbueløva står for når dei er ueinige i leiken eller nokon t.d. er lei seg.  Ein gut var lei seg ute ein dag og eitpar andre barn viste medfølelse: «Me æ bare her attemæ han å lege si han æ litt leie seg».

Så var det tid for å ansvarleg-gjere kvar einskild i barnehagen. Politiet var med og såg etter at alt gjekk riktig føre seg når barna skulle setje fingeravtrykket sitt i boka.

IMG_7221IMG_7222IMG_7177IMG_7204

Men aller mest hadde me gleda oss til den store LØVEFESTEN. Dei eldste barna hadde laga seg flotte silkeskjerf i nydelege regnboge-fargar. Dei yngste hadde laga flotte kragar/løvemankar. Desse var òg sjølvsagt i  finaste regnboge-fargar.

Det var stor stemning og alle barna var kjempeklar for fest. «Løve-loven» vart sunge så taket mest letta.

IMG_7296[1]IMG_7246[1]

 

Opning av LØVEBARNEHAGEN med høgtideleg «snor-klypping»

IMG_7272[1]

og dramatisering av eventyret om «Løva og musa» stod òg på programmet. Tenk at ei bitte lita mus kunne vere til hjelp for ei stor løve.

IMG_7305[1]

Etter samlinga smaka det godt med pølser i brød før me sette «LØVEBARNEHAGE»-skiltet på utedørene.

IMG_7339[1]

Regnbueløva