VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN.
1. Eigar
Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) eig og driv Tryggheim barnehage gjennom NLM-barnehagene AS.
Styret for aksjeselskapet er ansvarleg organ for barnehagen og det organet som representerer eigaren. Eigar kan ikkje hente utbytte frå barnehagedrifta.
2. Formål
a) Formålsparagraf etter barnehagelova
Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta vare på dei behova som borna har for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.
Borna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Borna skal utvikle grunnleggande kunnskapar og dugleik. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnader.
Barnehagen skal møte borna med tillit og respekt, og anerkjenne eigenverdien som barndommen har. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.
b) Eigars formål for barnehagen
Barnehagen skal, i nær forståing og samarbeid med heimen, hjelpe til med å gi barna kristen oppseding i eit godt og trygt miljø. Han skal gi gode utviklings- og aktivitetsvilkår til borna og utvikle deira evne og vilje til å samarbeide med andre, til å ta ansvar og til å ha omsorg for medmenneske, både i Noreg og mellom andre folkeslag.
3. Forvaltning av barnehagen
Barnehagen blir driven i samsvar med vedkjenningsskriftene til Den Norske Kyrkja, Lov nr 064 av17. juni 2005om barnehagar og føreskriftene til lova, rammeplan for barnehagar, og dei føreskriftene og retningslinene som departementet til ei kvar tid fastset. I samsvar med § 1, fjerde avsnitt i barnehagelova blir barnehagen driven med utvida kristen føremålsparagraf. Kristen tru, etikk og menneskesyn skal vere grunnlaget for alt som barnehagen tek seg føre. Vedtektene og føreskriftene til barnehagen skal bygge på same grunnvollen og vere med i grunnlaget for drifta av barnehagen.
4. Avtale om drift
Barnehagen har driftsavtale med Hå kommune. Barnehagen er med i det kommunale opptaket og har forplikta seg på enkelte kommunale dokument.
5. Opptak av barn
Etter § 12 i barnehagelova skal alle godkjende barnehagar i kommunen samarbeide om opptak av barn. Kommunen skal legge til rette for ein samordna opptaksprosess der det skal takast omsyn til mangfaldet og eigenarten i barnehagane. Ønske og behov til brukarane skal tilleggast stor vekt ved sjølve opptaket.
Opptakskriterier
- Barn med nedsett funksjonsevne, i samsvar med § 13 i barnehagelova, og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester, §§ 4-12 og 4-4, andre og fjerde ledd
Dersom søkarar skal tas opp etter §13 i barnehagelova må det skje etter tilråding frå PPT.
- Tryggheim vidaregåande skule, ungdomsskule og barnehage disponerer inntil 5 plasser i barnehagen.
- Søsken får prioritet i same barnehage dersom dei oppfyller barnehageretten.
- Søkarar får plass etter dato for søknad.
- Faggrupper kommunen har spesielt behov for kan etter vedtak i AMU få prioritert barnehageplass for barna sine uavhengig av bustadkommune.
Opptaksperiode og oppseiing.
Plassen barna får tildelt får dei behalde til den blir sagt opp skriftleg av føresette eller til barna begynner på skolen. Oppseiinga må skje seinast 1 månad før barnet skal slutte, gjeldande frå 1. eller 15. i kvar månad. Plassen kan ikkje seiast opp med verknad etter 1. mai utan at ein må betale for resten av barnehageåret.
6. Opningstider/ferieordning
Barnehagen har heilårsdrift og er for barn i alderen 0 – 6 år. Opningstida er frå kl. 07.00 til kl. 16.30, måndag – fredag. Barnehagen er stengd julaftan og nyttårsaftan samt 5 planleggingsdagar fordelt gjennom året. Onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12.00.
Barna skal i løpet av året ha 4 veker ferie, 3 av disse samanhengande om sommaren.
Barn som skal slutte i barnehagen må ta ferie innan dei sluttar 31. juli. Eventuelle unntak frå denne regelen kan takast opp med dagleg leiar.
Barn med store funksjonshemmingar kan bruka eit tilpassa tilbod om sommaren. Føresette må ta dette opp med dagleg leiar før 01.05.
7. Arealutnytting
Barnehagen følgjer kommunens norm for arealutnytting på 5,5 m² pr. barn under 3 år og 4 m²pr. barn over 3 år og har eit samla leike- og opphaldsareal på 298 m².
8. Foreldrebetaling
§ 14 i barnehagelova pliktar offentlege styresmakter til å handsame alle godkjende barnehagar likeverdig i forhold til offentlege tilskot. Så lenge stat og kommune følgjer denne paragrafen i barnehagelova, vil barnehagen følgje dei vedtaka som staten gjer om storleiken på foreldrebetalinga. Barnehagen har eige reglement for foreldrebetaling.
9. Misleghald
Dersom betaling for barnehageplass ikkje er mottatt i løpet av den månaden betalinga gjeld for, vil foreldre/føresette få en purreinkasso. Blir heller ikkje denne betalt innan 14 dagar, går saken til inkasso.
Dersom foreldre/føresette skuldar foreldrebetaling for meir enn 1 månad, har barnehagen rett til å seie opp barnehageplassen. Dette gjeld òg når barn gong etter gong blir henta etter at avtalt opphaldstid er overskriden.
10. Samarbeidsutval.
I samsvar med § 4 i barnehagelova skal barnehagen ha eit samarbeidsutval (SU) som skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ. Det består av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe har 2 representantar. Eigar vel 2 representantar til SU, men ikkje fleire enn kvar av dei andre gruppene. Kommunen kan òg ha ein representant i samarbeidsutvalet. Eigar vel sine representantar for 2 år, dei andre for 1 år.
Dagleg leiar i barnehagen er sekretær i samarbeidsutvalet, førebur sakene, set opp sakliste og kallar inn til møte i samråd med leiar i SU.
Regionleiaren i NLM, eller den regionstyret har valt, har møte- og talerett i SU.
Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i saker som er viktige for barnehagens innhald, verksemd og i forhold til foreldra. Det skal ha informasjon om budsjett og rekneskap. SU skal godkjenne årsplanen for barnehagen. Saker som gjeld tilsettingar, opptak av barn og liknande skal ikkje behandlast av samarbeidsutvalet.
11. Foreldreråd
Etter § 4 i barnehagelova skal barnehagen ha eit foreldreråd som består av alle foreldre/ føresette til barna i barnehagen. Foreldrerådet skal fremje deira fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Foreldrerådet skal også ta initiativ til dugnadar i barnehagen og hjelpe til med å gjennomføre desse. Foreldrerådet vel sjølv leiar og sekretær. Dei representerer også foreldra i SU.
12. Eigarstyre
Eigar utnemner eit eigarstyre for barnehagen. Denne skal vere eigars lokale organ som hjelper dagleg leiar med oppgåver i samsvar med instruksen til eigarstyret.
13. Internkontroll.
Barnehagen skal foreta internkontroll etter gjeldande reglar og føresegner. Programvaren Styrerassistenten er dokumentasjonen for internkontrollen i barnehagen.
14. Ansvar.
Barnehagen teiknar ulykkeforsikring for barn som har fått plass i barnehagen. Forsikringa dekkjer borna heile året, også når dei ikkje er i barnehagen. Dekninga er p t 500.000 kroner ved invaliditet og 50.000 kroner ved død.
15. Iverksetting og endringar.
Vedtektene for Tryggheim barnehage, Nærbø gjeld frå 01.05.11.
Godkjent av eigarstyret for Tryggheim barnehage 04/04 2011
Endringar av vedtektene skal godkjennast av styret for NLM-barnehagene AS, så sant det ikkje gjelder endringar av prinsipiell art. Då skal endringane godkjennast av NLM sitt Hovudstyre.

