«KJÆRLIGHET, OMSORG,TRYGGHET OG GLEDE.

UNDRING, NYSGJERRIGHET, VOKSNE TILSTEDE».

Visjonen vår eller kanskje rettare kalla ”ledestjerna” vår er rettesnor for alt me føretek oss i
barnehagen.

At det er ordet ”kjærlighet” me møter først, er ikkje tilfeldig. Tryggheim barnehage skal være
ein barnehage kor barn skal møtast av ein ubetinga kjærleik. Dei skal til eikvar tid bli ”sett” og
kjenna seg elska:

  • uansett korleis dei ser ut
  • uansett kva deira sterke/svake sider er
  • uansett kva handikap dei måtte ha
  • uansett kva me forventar at dei skal være
  • uansett korleis dei oppfører seg

Rammeplanen seier at barn har rett til omsorg og skal møtast med omsorg. Vidare seier han at
personalet som jobbar i barnehagen har ei yrkesetisk plikt til å handle omsorgsfullt overfor alle
barna i barnehagen. Ein omsorgsfull relasjon er prega av vilje til å lytte, nærleik, innleving og
evne og vilje til samspel. Rammeplanen seier òg at god omsorg styrkjer føresetnadene for å
utvikle tillit til seg sjølv og andre, gode relasjonar og til å ta større ansvar for seg sjølv og
fellesskapen. I Tryggheim barnehage inneber dette at dei vaksne ikkje skal vera ”tenarar” for
barna som til ei kvar tid syter for at dei har det godt, men heller vera støtte for dei og
oppmuntra dei til å gjera eigne val.

Dersom barna vert møtte med kjærlighet og god omsorg er mykje av grunnlaget for å skape
trygge og glade barn etablert.

Barn er nysgjerrige, kunnskapstørste og lærelystne. Dette skal barnehagen støtte og på den
måten gi eit godt grunnlag for livslang læring. Ved å ta utgangspunkt i det barna er interesserte
i, kan personalet saman med barn undersøkje, stille spørsmål og finne svar som barn kan vere
nøgde med. Eit av virkemidla me har nytta i barnehagen her hjå oss er filosofering saman med
barna. Dette har blitt gjort både i vaksenstyrte samlingar og uformelle situasjonar som t.d.
måltid.

Eit aktivt og tydeleg personale er nødvendig for å skape eit varmt og inkluderande sosialt miljø.
Barna skal vite at dei vaksne er der når dei treng dei, anten det er for eit venleg stryk over
kinnet, eit anerkjennande blikk, ros og oppmuntring i utfordrande situasjonar, hjelp til å ordne
opp i konfliktar eller rett og slett bare eit fang å krype opp i når ein er litt trøytt eller lei.