• møta barn, foreldre/føresette og våre medarbeidarar på ein varm, audmjuk måte, med respekt og anerkjenning.
  • visa solidaritet og respekt for at me er ulike og unike. Me tek vare på kvarandre, på naturen og miljøet ikring oss.
  • legga vekt på å ha god balanse mellom struktur, fridom og barna sin medverknad.
  • ha god tid til leik både ute og inne. Mykje og aktiv bruk av det store, gode uteområdet vårt og turar i nærmiljøet.
  • la barna få gode høve til å utvikle deira sterke sider som vil gje dei sjølvtillit, ”gå-på-mot” og nysgjerrigheit.
  • bruke programmet «Være sammen» kor fokuset er å bry seg om andre samstundes som ein skal lære å vere seg sjølve.
  • formidle kristne verdiar; verdiar Jesus lærer oss som nestekjærleik, omsorg, rettferd, respekt, toleranse, tilgjeving og likeverd.
  • fortelje Bibelforteljingar og synge songar med kristent innhald.
  • gje ei «hjelpande hand» til dei som ikkje har det så godt som oss gjennom NLM sitt misjonsprosjekt «Barn hjelper barn» og/eller andre hjelpeorganisasjonar.