Tryggheim barnehage vart starta i 1979. På den tida var det ein kottidsbarnehage med opningstid 4 timar pr. dag. Samfunnet har endra seg ganske mykje sidan den gongen og då me etterkvart fekk problem med å få søkjarar grunna for «lite» tilbod, hadde eigar valet om å leggja ned eller byggja nytt. Heldigvis valde dei å bygge nytt.
1. september 2006 kunne me flytte inn i stor fin barnehage og her har me det veldig godt både små og store.
Barnehageåret 2011/2012 er 81 barn i alderen 1-6år er innom frå 2-5 dagar i veka og 23 tilsette i ulik stillingsprosent har som hovudfokus å gje desse barna ein trygg og god dag medan foreldre er på arbeid.
Dagane er innhaldsrike med variasjon mellom vaksenstyrte aktivitetar som bl.a. turar, besøk i gym.salen på Tryggheim, forming, samlingar; avdelingsvis eller felles for heile huset og leik inne og ute kor barna har regien sjølve. Ynskjer de å veta meir om innhaldet gjennom eit barnehageår, kan de ta ein kikk på ÅRSPLANEN vår.

