Sjølv om Tryggheim barnehage er ein privat barnehage er det lovfesta eit samordna opptak i kommunen.

Alle søknader om plass i barnehagen må difor registrerast i kommunen, og alle må søkje elektronisk.

SØKNADSFRIST:   1. MARS

Denne fristen gjeld òg for endringar som  t.d. byte av barnehage, auke eller reduksjon av opphaldstid etc.

Her er lenka til søkjeportalen:  https://hag2.ist-asp.com/NO01119-pub

NB! BARNET HAR RETT TIL PLASS FRÅ 15. AUGUST det året det fyller 1 år (innan november). For at barna skal få ei god tilvenning og personalet skal få god tid til å bli kjent med barnet, har me gjort fordeling i tilvenninga slik at dei som er født i september, oktober, november har oppstart sist.