Denne månaden har me på Perlene hatt den fyrste boka, i samlinga på 12 stk. Den handlar om «Det er fint og være meg». Det er eit viktig fundament for barnet sin vekst og modning at det har eit godt sjølvbilete. Dette vert forma langsamt, ved blant anna at barnet speglar seg i andre og får oppmuntring og positiv tilbakemelding på seg sjølv og sine handlingar. Sentralt i danninga av det gode sjølvbiletet er at barnet får oppleva seg som et «eg»  i møte med andre. Barnet lærer at det er forskjellig ifrå dei andre, men samstundes at det bidreg med noko positivt i felleskapet.SAM_6835