I januar har heile barnehagen hatt  misjonsprosjekt om landa Elfenskysten og Mali. Perlene har hatt mest fokus på Mali. I samlingane har  me tatt ein «flytur»  til dette landet, som me har vist på eit kart. Ungane fått sett bilete av landskapet og  av folk og dyr som bur her. Dei har og fått sett, og nokre av ungane og fått prøvd klede som er frå Mali. Ein dag hadde me  «Malimiddag», gryterett med kylling i peanøttsaus med ris til.  Det var kjempe godt 🙂 Alle har og fått mala flaget til Mali. Ungane på Perlene likar så godt å male 😉 SAM_5673

 

 

Misjonsprosjektet blei avslutta med kafe der foreldre, søsken og besteforeldre var inviterte. På kafeen var det salg av pølse, kaker, fruktsalat og popcorn. Samt det var aktivitetar som barn kunne delta på; bl.a lykkehjul, fiskedam. Det var  kjempe godt oppmøte! Pengane som me fekk inn frå salget sender me til Elfenskysten og Mali og misjonsprosjekta som foregår i desse landa 🙂 Tusen takk! 🙂