Ungane sit på ryggen når mor arbeider

Ungane sit på ryggen når mor arbeider

Når månadens tema er misjonsprosjekt i Mali og Elfenbenskysten, passer det veldig bra at Eli har budd i begge landa. Tysdag 14. januar hadde me ei kjempe gild fellessamling, der Eli fortalte oss frå livet i Vest-Afrika. Me fekk sjå kva klede dei bruker og korleis dei ber ungane på ryggen. Ho fortalte at dei må gå langt for å henter mat og viste korleis dei bar maten på hovudet heile den lange vegen heim att. Me lærte at maten ofte vart laga av ris, som dei sjølv må renske og vaske. I sausen har dei som regel tomater og peanøtter som dei må gå for å hente på markene. Eli viste oss kor vanskeleg det kunne vere å bere maten på hovudet og at ein må ha øvd godt for å få til å renske risen uten å søle for mykje. Me har og fått høyrt nokon ord frå Vest-Afrika:

God dag – I ni su wee
Ja – oong [åå]
Nei – ohnpong [å-å]
Takk – Balika
Kva heiter du? – I too o ko ?¨
Eg heiter – ng too o ko [ndåå kå]

Mange har lært å telje til tre på mau språket:
1 – keeng [ke]
2 – fyaa [fja]
3 – sawa [saua]

Me har fått smakt mat frå Vest-Afrika og høyrt nokre sanger som blir sunge der. Det har vore veldig spanande.

Torsdag 23 januar skal me ha misjonskafè og håper at flest mogleg kjem og kjøper masse pølser, kaker og kaffi. Lykkehjul er det og som ungene kan få prøve. Me håper å få samle inn mykje penger som skal gå til misjonsprosjektet vårt i Vest-Afrika, Elfenbenskysten og Mali.