I oktober har alle avdelingane i barnehagen hatt tema om MOSES. Som ei avslutning på temaet  inviterte me foreldre, besteforeldre og elles dei som hadde lyst å sjå til utstilling to ettermiddagar frå kl. 14.30-16.00. Det store kjøkkenet var omgjort til utstillingslokale og her fekk me fylja Moses frå han vart funnen i elva og til Isrelsfolket nådde «Det lova landet». Etter «vandringa» var det servering av frukt og kaffi.