I veke 36 og 37  har me hatt  tema: «brann». Me har gjort mykje forskjellig spanande saman; hatt besøk av ein ekte brannbil, hatt temasamlingar om brann der me snakka om kva brannmennene gjer, sunge sangen «1 og 2 og 3 små brannmenn» og høyrd brannalarmen korleis den høyres ut. Då snakka me òg om at når me høyrar denne alarmen er det viktig at me går ut av huset, og at når me er i barnehagen og alarmen går så må me gå ned til leikeskuret. Me har hatt to brannøvelsar; ein me visste om på førehand og ein me ikkje visste når sko koma. Ungane var så flinke til å gå til møteplassen vår ved leikeskuret. SAM_3532 SAM_3483

 

 

 

 

 

 

 

Ungane har fått mala brannbil og det blei 17 flotte brannbilar som prydar veggen inne på avdelinga 🙂 og 2 på visning ute i garderoben 😉SAM_3706