HaustINFO. September.

        

         Sjølv om me enno har sommartemperaturar ute, er det bare å innfinne seg med at det går mot haust.

Tilvennings-perioden for nye barn er over og det begynner å «gå seg til» inne på dei ulike avdelingane. Kjekt å sjå korleis barna koser seg i lag.

Like sikkert som hausten kjem kvart år får me ein «runde» med feber, snått og/eller oppkast.

  • Minner dykk om reglane for NÅR BARN SKAL VERE HEIME og KOR LENGE. (info-heftet)

 

  • Det er òg snart tid for FORELDREMØTE:

                     TORSDAG 3. OKTOBER kl. 19.30

         Set av kvelden allereie. Meir informasjon kjem seinare.

 

  • Minner dykk òg på eit par «reglar» iht. bringing/henting.

      Ikkje løfte barna over gjerdet. (Ikkje hopp over sjølve)

      Ikkje la barna opne porten.

      Gje alltid beskjed til ein i personalet når de tek barnet med heim.

 

  • Hugs å MERKE KLEDA. Me går mot kjøligare dagar og det vert snart aktuelt med huer/panneband og etter kvart vottar. Namnelappar kan de bestille. Ta kontakt med personalet dersom de treng bestillings-info.

 

 

Svanhild