August er over for denne gong og me på Perlene har fått starta på det nye barnehageåret. Tilvenninga syns me har gått bra. Me opplever at borna har funnet seg til rette både inne på avdelinga og ute, og at dei har blitt trygge på oss vaksne.

I samlingane har me songe nokre faste songar slik at ungane skal verta trygge i denne situasjonen også, etter kvart som dette virkar trygt utvidar me songrepetoaret litt 😉 I slutten av august såg me på desse dyra og kva dyrelydar dei lagar, så sang me songar som handla om desse 🙂

Ha ei god helg 🙂

Mvh oss vaksne på Perlene 🙂SAM_3380