ME YNSKJER «GAMLE» OG «NYE» velkomen til barnehagen og til eit nytt barnehageår.

Sjølv om det nye barnehageåret ikkje startar før 19.august, er me allereie godt i gang med tilvenning for dei nye barna. Det er som vanleg Perlene (1-2års-gruppa) som har flest nye barn, men dette året er det nokre på dei store avdelingane òg.  Mange «blanke» dagar ligg føre oss med mange spanande aktivitetar  utover året. Me ser fram til eit flott år i lag både store og små i Tryggheim barnehage.