No har me teke fatt på eit nytt tema, nemleg; «kroppen min» med fokus på «åle, krabbe, krype» . I årsplanen står det;

Barna skal

–          få ei positiv oppfatning av seg sjølve gjennom kroppsleg meistring og skaffe seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar.

–          får kunnskap om menneskekroppen

–          få vera mykje ute å få vera i fysisk aktivitet

Dette har me fokus på både gjennom t.d. hinderløyper, uteleiken på føre -og ettermiddagen,  i samlingane og elles når me går på tur. Her er eit bilete frå ei hinderløype som me hadde fredag 14.6.

SAM_2609l

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ungane gjekk bortover på stigen, mellom «trinna», vidare  oppi dekka og utav igjen, bort til benken kor dei kraup over, «sikk sakk» mellom dei gule og raude kjeglene, krabba på den blå matta og gjennom dei to rokkeringane som ein vaksen sto og holdt. Ungane var engasjerte ei god stund og fekk stimulert grovmotorikken sin.

I samlingane har me besøk av dokka Lisa.  Ein dag var Lisa svolten  (me namngjer og peiktar på mange ulike  kroppsdelar underveis som for eks, mage, arm ,auge, finger, tær, kne osv). Ho måtte få litt mat. Etterpå kom det ei lukt i bleia til Lisa, som den vaksne måtte skifte. Ungane blir både litt overraska og fasinerte av at det faktisk var ein «bæsj» i bleia til Lisa når den vaksne skifta på henne (ein nugatti klatt ;) ).

SAM_2460k

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Me syng og songar om kroppen vår og/eller kroppsbevelgese;

– «Epler og pærer»

– «Boogie Woogie»

– «Tommelfinger, tommelfinger hvor er du?»

– «Hodet, skulder, kne og tå»

– «Du har to øyne som du kan se med»

Og ein song som går slik:

«Kor er nasen, kor er nasen? Der var du, der var du (peike på nasen). Det var godt eg fant deg, det var godt eg fant deg. Hei på deg, hei på deg.»

Melodi; Fader Jakob.