Denne månaden har me starta opp med «sjøhestane» – ei gruppe for dei eldste borna… Denne gongen var det vatn og begrepa «lett» og «tungt». Fyrst fekk ungane halda og kjenna vekta på ein gjenstand som var tung, deretter ein gjenstand som var veldig lett. For born er konkrete/fysiske erfaringer med eit begrep ein god måte å læra på. Dei får «oppleva» begrepet med alle sansar.

Vidare  fekk ungane kvar sitt lite kar med vatn. Så blei det vist kva som skjedde når me slapp nedi ein tung gjenstand vs ein lett. Dette var fasinerande. Deretter fekk ungane prøva sjølve med ulike daglegdagse gjenstander: lekedyr, bestikk, duplo, klosser, lekebestikk m.m 🙂 Dei fekk erfare kva som flaut og ikkje.  Ei kjekk oppleving saman med borna 🙂 Vatn