Ungane har fått mala Amandus Dokkemann. Det vert så fint! 🙂 Me har riktige kunstnera her på avdelinga og me ser at maling er noko som barna likar veldig godt! Fleire av dei jublar når me seier at dei skal male. Maling er også ein veldig fin aktivitet for stimulering av finmotorikk –  med at dei får øvd seg i å gjera små bevegelser med handa si, øye-hånd koordinasjonen og fargelære. Me legg vekt på at barna skal få mala ei god stund og at me ikkje skal vera så raske med å verta ferdige. Me trur at det er viktig å vera i her og nå-situasjonen og «nyta» øyeblikket med dei når dei malar – ein estetisk opplevelse saman 😉