Temaet for månaden er haustens grøde og denne veka har me i turgruppene hatt fokus på haustteikn. Då me har gått på turar, har me stoppt langs med veien og sett på lauv som har skifta farge til gul, rød eller brun. Me har også snakka om at me har kledt meir på osse no sidan det er kaldare. Nokre av borna har og vore i skogen og plukka konglar med seg.