No har me hatt ein månad med temaet haustens grøde som vart avslutta med ein flott hausttakkefest i går. Me har vore aldersdelte i Humler og Marihøner der temaet har vore «frå jord til bord» og «frå korn til brød». Me har hatt mange kjekke temasamlingar og aktiviteter. Blant anna har Marihønene baka rundstykker og Humlene vore på torget og handla grønsaker, dette resulterte i deilig lapskaus med varme rundstykker til, kjempe godt! Me har og vore på tur til Jærmuseet, og der er det alltid kjekt å vera. Marihønene fekk vera med å skjæra kveitekorn, mala det, smaka og sjå at det vart til mjøl. Dei fekk og smaka på vassgraut, og dei aller fleste likte det så godt at dei spurte etter meir. Humlene fekk vera med å ta opp poteter frå jorda, dei vaska dei, skar dei opp og steikte dei, så fekk dei smaka. På jærmuseet er dei kjempe gode til å laga opplegg når me kjem, dei vaksne der er engasjerte og kunskapsrike og det smittar over på ungane! Tusen takk for at me får lov til å komma! 🙂