På mandag startar me på tema brann. Me skal lese bøker og snakke om brannøvelse, brannvarslar, nødnummer og kva me skal gjere om det begynner å brenne. Me har allereie vore på brannstasjonen på besøk, ekstra spanande var det for oss på Blomane som vart vitne til ei ekte utrykking. Me var imponerte over kor raske brannmenna var til brannstasjonen i og med at dei har jobbar utanom, det tok ikkje mange minutta før dei var klare i brannbilane og køyrde avgarde med sirener. Flott var det då dei kom tilbake og fortsatte rett på det flotte opplegget dei hadde for oss! Ungane fekk ei lekse av brannmannen dei skulle gjere heime, dei skulle sjekke at dykk har brannslokkingsaparat og at pila på det var i det grøne feltet. Me vil oppfordra dykk til å gjere dette saman med ungane, samt sjekke brannvarslarar og snakke med dei kva dykk skal gjere og kor dykk skal gå dersom det blir brann heime.

Ungar og vaksne fekk prøve seg litt som brannmenn 🙂