Sommarferietida er over og me er allereie eit godt stykke ut i august månad. Dei fleste ungane er godt i gang med tilvenning til barnehagelivet og det er Perlene som kjenner det største «trøkket» i så måte. I løpet av veka er det 85 flotte barn innom her i barnehagen så det er ein god gjeng å ha ansvar for.

Heldigvis har me mange gode damer her, 26 stk. tilsaman, som kan trøysta og turka tårer når det trengst og som de ser på biletet kan dei tøysa og tulla når me er klare for det.

Me ynskjer alle  «gamle» og «nye» barn og foreldre  VELKOMEN og håper me skal få eit innhaldsrikt og kjekt år i lag!