Denne månaden har perlene ”sansane våre” som tema, og då har dei bl.a fått testa ut høyrselen sin. Ungane blei tekne inn i eit eige rom, nokre få om gongen. På bordet låg det bilete av forskjellige dyr. Ungane fekk høyra dyrelydane til desse dyra, og så peika dei på, eller sa namnet til det dyret dei trudde laga den lyden. Ungane var ivrige og hadde god kontroll på å sette saman lyd og bilete! 🙂