Det er snart tid for å tøma bøssa.Små og store i Tryggheim barnehage er på jakt etter «brune» pengar. Alle avdelingane har kvar si sparebøsse som dei puttar 50-øringane på og me har allereie vore i banken og tømt dei ein gong. Satsar på å få fylla dei opp fleire gonger så foreldre, besteforeldre m.fl. er herved oppfordra til å tøme lommar og pengetasker.