I dag har Blomane kost seg i det varme gode veret! Me har vore ute stort sett heile dagen. Me har sett mykje konstruksjonsleik i sandkassen der ungane bygde tunellar og hus, det var og ein heil del rolleleik (på austlandsk), der dei var på besøk sjå kvarandre i dei kontruerte husa 🙂 Valbjørg hadde samling for oss ute i sola om det å vente på tur, ikkje alltid like lett- men viktig å øva på! Lunsjen tok me og ute, Berit hadde laga nydelege smørbrød med eple- og pærebetar på. Eit lite avbrekk frå utelivet fekk ungane då dei var inne sjå Annette og laga påskepynt. Fredrik er elev sjå oss denne veka og er super saman med ungane! For ein flott dag! 🙂