Denne veka har me på perlene gjort litt av kvart. Me rigga oss til i grua ute på lekeplassen på tysdagen. Der grilla me pølser og hadde kjeks som me kosa oss med etterpå 🙂 Me var ute ein stordel av dagen og me fekk reine vårfornemmelsar i det fine solskinet.

 

 

 

 

 

 

Dagen etterpå var me i gymsalen oppe på Tryggheim vgs. Ungane fekk springa, leika med ball, klatra i ribbeveggen, balansera og hoppa på tjukkasen. Ei skikkelig treningsøkt for dei små 🙂 

 

 

 

 

 

 

Fredagen hadde Anne Berit ein ide om eit fellesnaturbilete som ungane skulle få vera med på. Dei fekk lima på kongler m.m. Det blei skikkelig fint 🙂

 

 

 

 

 

 

Ha ei riktig god helg 🙂