Torsdag 16.februar sto det tur på planen og for dei tøffe perlene er veret inga hindring 🙂 Me kledde på oss gode regnklede og støvler – noko som synte seg var eit klokt val. Målet for turen var sandvolleyballbanen på skulen. Me ville leika i sanden der og hadde difor med både spann og spader. Då me kom fram, såg me at heile banen var forvandla til ein kjempe stor sølepytt 🙂 Borna nølte ikkje lenge og det bar uti med spann og spader for å leika i vatnet. Klede og støvlar fekk test på om dei var tette på denne turen 🙂 men kjekt var det! 🙂