Den 14.februar var det vennefest i Tryggheim barnehage. Ungane hadde fått laga eigen hatt som dei hadde på seg gjennom dagen, elles gjekk alle i pyjamasen. 🙂 Festen byrja med at me var med på fellesamling på kjøkkenet, der Solveig og Johanne sang «Tuppen og Lillemor» og me dansa «hellig boogie» og sang «venner i pyjamas» 🙂 Etterpå åt me inne på avdelingen, alle perlene var samla rundt eit fellesbord. Me fekk pølser, nam nam 🙂 Det var ein kjempe koseleg dag for perlene 🙂