26. JANUAR var me klare for den årlege kafèen til inntekt for misjonsprosjektet vårt.

 

Foreldre, besteforeldre m.fleire troppa opp med fulle lommebøker og handelen gjekk strålande. Det var mogleg å få  kjøpe pølser, kakemat og popcorn. Det var kjempegodt oppmøte og pølsekøen var til tider ganske lang. Barna hadde gleda seg til denne dagen i lang tid og kunne nesten ikkje klara venta til klokka skulle bli 14.30 og kafèen skulle opna.

Elles var det tilbod om «fiskedam»

                                           og «lykkehjul»

Resultatet i år vart på kr. 10 246,50. Dette er ny rekord for vår barnehage og eit flott bidrag til NLM sitt arbeid i Indonesia.

TUSEN TAKK TIL ALLE SAMAN .