I dag var ein roleg dag på Perleavdelinga, så me tok ein tur på sparket. Me pakka sekken, fant fram vestane og turtauet og tok ut på tur – aldri sur 😉 Mens me gjekk sang me forskjellige sangar som «bæ bæ lille lam» og «alle killebukkane» om alle barna som var med. Sola skein og det var ei rektig så fin stund. Målet for turen var sandvolleyballbanen ved Tryggheim ungdomsskule. Me hadde teke med nokre sandleiker som me tenkte å leika med i sanden. Då må kom bort fann me fort ut at sanden var litt hard pga frosten, men det var ikkje noko problem. Me vaksne hogg litt i overflata så kom det fram fin sand å leika med. Etter ei lita stund her var det  det som føregjekk på andre sida av gjerdet som fanga barna si interesse; gravemaskinar og traktorar. Me såg både raude, grøne og blå traktorar og barna kunne fortelja om fargen på dei. Me vandra litt langst med gjerdet og oppdaga mykje spanande; ein fuglekasse som var tom – nokre meinte at fuglen sov nok, medan ein annan kommenterte at «æg æ altfor store for å vær inni der, bare fuglen kan det» 🙂 Me såg òg  ein frosen sølepytt. Då var det isen som var det store temaet «den va kalde» – «den va blaode» 🙂 Så var det tid for å vende nasen heimover igjen, etter ein koseleg og vellukka tur. God helg! 🙂