Fredag 6. januar var siste arbeidsdagen for Kristian. Militærtenesta står for døra og han skal kle seg i gardeuniform. Blir nok ein overgang frå dongeri og varmedress.  Me ynskjer han lukke til og håper han vil få det bra i Tigerstaden.

ELI HENG har teke over stillinga til Kristian. Ho har vore i permisjon og er no klar for innsats i lag med resten av gjengen her på Perlene. Me ynskjer henne velkomen i laget.