Irene Alise har søkt om permisjon eitt år. Ho har lenge hatt lyst til å vere «beredskapsheim» for barnevernet. Dette inneber at ho då til eikvar tid må vere klar til å ta imot barn som ikkje lenger kan bu hjå foreldra. Dette vert ein «mellomstasjon»  til dei får ein fosterheim. Det seier seg sjølv at det vert vanskeleg å kombinere denne oppgåva med arbeid i barnehagen.

Me ynskjer henne lukke til i den nye jobben 🙂

Når nokon går ut må andre inn og overta. Silje Frøystad Sandanger var akkurat ferdig med eit oppdrag ho har hatt og stod klar til å «steppe inn». Silje var tilsett her i barnehagen ein periode tidlegare, men slutta då ho skulle vidare på skule.

Me ynskjer henne velkommen «heim» 🙂