Stygt vér hindrar ikkje oss på perlene! Står det turdag på planen, ja så er det turdag. Me fann fram tauet, tok ryggsekken på ryggen, og gjekk oss en tur inne i barnehagen. Me gjekk i «sivet» i gangen, inn på kjøkkenet, og videre inn til stor avdeling. Der gjekk me gjennom ei lita dør, me vaksne passte ikkje, og måtte gå rundt. Tilbake på kjøkkenet tok me ein rast, og fekk sandkaker som me har laga tidlegare i desember. Vidare på oppagelsesferda vår gjekk me inn på leserommet. Til vår store glede låg nokon av ballongane fra Svanhild si feiring der, så me fekk leka litt med dei. Det var ei spennande avslutning på ein hærlege tur!