Denne dagen kledde 2 åringane på seg dressar og uteklede,  ikkje for å «bare» vera ute men for å gå opp til Tryggheim skule kor dei skulle få lov å boltra seg i den store gymsalen 🙂 Dette var spanande for alle saman. Her hadde dei vaksne laga ei kjekk hinderløype. Dei fekk klatra i ribbeveggane, hoppa på «tjukkas-madrassar», balansera på benkar, smyga seg under stolar og rulla seg over madrassar 🙂 Etter dette hadde me frileik. Me  hadde med mange ballar som dei fekk leika med. Dette var kjekt! 🙂