Føre sommarferien hadde barnehagen besøk frå arbeidstilsynet. Dei har eit prosjekt gåande som kallast «føre var» og det dei vil vera «føre var» på er sjukdomar som er relaterte til musklar og sjelett. Me hadde ein runde i barnehagen og dei såg på diverse løysningar/hjelpemiddel me har her i barnehagen for å førebygge/unngå slike lidelsar.

I etterkant av dette måtte me ha kurs for alle dei tilsette slik at alle hadde opplæring i bruken av desse hjelpemidla og kunnskap om korleis ein skal unngå muskel og sjelettplager ved riktig bruk av kroppen.
Barnehagen er med i PBL si bedriftshelseteneste og det var difor det kom representantar heilt frå Bodø. Dei har som mål å vitje alle ein gong i året for å ha ei tett oppfyljing av den einskilde barnehagen.